logo

Møt våre tilsette

Syver skal jobbe seg gjennom tre seksjonar på to år

Med god støtte frå fagsterke IKT-arar skal Syver få bryne seg på aktuelle, utfordrande og spanande problemstillingar på tvers av seksjonar i Helse Vest IKT. Resultatet vert (vonleg) ei unik innsikt i organisasjonen.

Publisert 26.04.2022

Syver Martinsen Ekeberg utanfor kontorlokala til Helse Vest IKT

–​ Eg er overraska over kor mykje ein faktisk gjer på eit kundesenter. Vi er fyrstelinje, men løyser omtrent halvparten av alle saker som kjem inn. Noko er meir alvorleg enn anna, men det er aldri kjedeleg. Det er givande arbeid.  

Orda kjem frå Syver Ekeberg Martinsen. 24-åringa har funne seg godt til rette i fjerde etasje i Edvard Griegs vei 3, kor Kundesenteret held til. Her gir han brukarstøtte og løyser programvarefeil måndag til fredag, mellom åtte og fire. Men dagane hans her er talte.  

–​ Det vert rart å ikkje gå inn her kvar morgon, seier han og ser seg rundt i lokala.  

Idé frå Helse Bergen   

Men la oss skru klokka tilbake nokre månader, til august 2021. Syver er nyutdanna og full av mot, men manglar erfaring. Han har ein Bachelor i Informasjonsvitskap i sekken, men veit ikkje heilt kva han vil bruke den til. Løysinga ser han på Finn.no. Avdelingsleiar på IKT-fagsenter i Helse Vest IKT, Fredrik Eldøy, søkjer etter trainee.   

– Det er ein ide som kom frå eit liknande opplegg hos Helse Bergen, forklarer Eldøy.  

Bakgrunnen var eit ønskje om å komme tettare på kunden, auke kunnskapen om verksemda vi støttar, og betre samarbeidet på tvers i organisasjonen.  

–​ Erfaring frå kundebehandling, og innsikt i kva våre 30.000 brukarar treng hjelp til i kvardagen, er gull verdt når Syver etter kvart skal vidare i andre avdelingar, seier avdelingsleiaren. 

Åtte månader her, åtte månader der 

Syver har skreddarsydd opplegg. I løpet av perioden skal han innom tre seksjonar. Første stopp har vore hos Kundesenteret, og i slutten av april flyttar han seg vidare til Applikasjonsstøtte. Der skal han vere i åtte månadar.  

–​ Det vert spanande å sjå kva som skjer på andre linje. Eg ser fram til å gå i djupna på problema som blir meldt inn, seier Syver. 

Dei siste åtte månadane skal han bruke hos avdeling for Tenesteproduksjon. Etter to år har Syver opparbeida seg god og brei kunnskap, og kan starte spesialisering i eit fagområde han vel saman med organisasjonen​.  

Piloterar trainee-ordning 

Sidan ingen i organisasjonen har følgt trainee-løpet før han, veit verken han eller avdelingsleiar Eldøy korleis sluttresultatet vert. Vegen vert til medan Syver går. Å vere Helse Vest IKT sin fyrste trainee, tek han likevel med slåande ro. 

– Eg føler meg som ein heilt vanleg tilsett. Eg har vorte teken under armen som alle andre, men håpar jo sjølvsagt at eg gjer eit godt inntrykk slik at ordninga vidareførast, og fleire får moglegheita til å praktisere her.  

 
For trainee-ordninga tilrådast.   
 
– I denne rolla får eg fridommen til prøve meg på mykje forskjellig, og eg får tid til å finne ut kva eg har lyst til å jobbe med. For meg har denne løysinga vore perfekt, avsluttar han.