logo

Møt våre tilsette

Sigve brukar data for å forbetre spesialisthelsetenesta

Ved hjelp av data bidreg Sigve til at forskarar, analytikarar, leiarar og anna helsepersonell får tilgang til relevant og avgjerande informasjon når dei treng det.

Publisert 23.03.2022
Sist oppdatert 25.04.2022
En mann som står utenfor en bygning

Auka press på helsetilbodet, ei stadig eldre befolkning og ikkje minst ein global pandemi, har satt fart på digitaliseringsreisa i helsesektoren. Vi treng teknologiske hjelpemidlar viss vi skal klare å halde tritt med utfordringane vi står overfor. På Seksjon for styringsdata[STE1]  i Helse Vest IKT er målet å levere god og oppdatert kunnskap til spesialisthelsetenesta. Der kjem Sigve Johnsen og hans kollegaer inn.

- Vi sit på store mengder data frå ulike fagsystem, seier han. - Det er jo eit poeng å kunne bruke dei.

Gjennom fleire år har seksjonen til Sigve bygd opp ein solid data-grunnmur. Dei samlar data frå ulike kjelder og stiller dei saman på måtar som gjer det mogleg å følgje befolkninga si helse og sjukdomsforhold. På norsk kallar vi det gjerne helsedata. Det kan spare ressursar og auke føreseielegheit. Det kan brukast i forsking og helseanalysar. Det kan bidra til innovasjon og næringsutvikling. Men for Sigve er helsedata mykje meir betydingsfullt.

- For meg er det eit verktøy for å gi pasienten best mogeleg behandling, seier han. .

- Eg har varierte oppgåver. Det er alltid ei ny utfordring å sette seg inn i. Samstundes får ein fridom til å bruke tid på oppgåvene. Det vi leverar frå oss skal vere av god kvalitet.
Sigve Johnsen, Seksjon for styringsdata

Korona-data

Sjølv om det ikkje er eit nytt fagfelt, har mellom anna pandemien resultert i auka fokus på bruk av data. For Ola og Kari Nordmann har visualisering av helsedata gjort det mogeleg å forstå kompliserte sjukdomsforlaup. For helseføretaka kan det bidra til å gje eit meir heilskapleg bilete av ein situasjon.

- Til dømes kan data brukast til å rapportere og føreseie tal på innlagte, slik at sjukehusa kan planleggje bemanning deretter.

Ein av rapportane som Sigve har jobba med, bygger på eit datagrunnlag som gjer det mogleg for føretaka å kople saman data frå ulike fagsystem. Informasjon frå journalsystemet DIPS kan kombinerast med prøvesvar frå laboratoriet for å finne ut kor mange pasientar som ligg på sjukehus med ein positiv prøve for Covid-19, RS eller influensa. Då kan helsepersonellet følgje utviklinga mykje tettare enn tidlegare.

- Å bidra til dette gir jobben meining, fortel Sigve.

Tilfeldig møte med HVIKT

Han var ikkje aktiv jobbsøkar då han tilfeldigvis kom over ein stillingsannonse frå Helse Vest IKT i 2018, men det han las vekte ein gnist i han. Etter fleire år i privat næringsliv, freista det med ein jobb kor det overordna målet er å hjelpe. 

- No jobbar eg med å samle helsedata frå ulike kjelder, og leggje dei til rette på best mogeleg måte for analytikarar i føretaka og andre som har behov for dei.

I dette arbeidet brukar han verktøy som Microsoft SQL Server, SQL Server Integration Services (SSIS) og SQL Server Analysis Services (SSAS). Jobben består både av nyutvikling og forvalting av eksisterande løysingar.

- Eg har varierte oppgåver. Det er alltid ei ny utfordring å sette seg inn i. Samstundes får ein fridom til å bruke tid på oppgåvene. Det vi leverer frå oss skal vere av god kvalitet.

Det beste med jobben?

- Når sluttbrukar gir uttrykk for at arbeidet du har gjort er til hjelp, avsluttar Sigve stolt. 

Søk jobb hos oss

Har du lyst å vere med å forme morgondagen sine IKT-løysingar? Vi er ein del av ei banebrytande bransje som går ei spanande tid i møte.
Søk jobb hos oss!
En mann iført VR-headset