Møt våre tilsette
Rune løyser datafrustrasjonar for heile Helse Vest
Ein PC-skjerm som går i svart på Akuttmottaket. Eit program som nektar å starte på klinikken. Ei maskin som ikkje reagerer slik den skal, rett før ein viktig operasjon. Då kontaktar vi Kundesenteret, sjølve hovudpulsåra i Helse Vest IKT.

– Hei, dette er Kundesenteret. Kva kan eg hjelpa deg med?
Sjeldan har ein høyrt meir roande ord når ein står midt i det, er stressa, og febrilsk prøver å trykke på alle tilgjengelege knappar. Ingenting fungerer.
– Dette finn vi ut av.
Eigaren av den lune og tryggande stemma er kanskje Rune. Han er ein av omlag 50 IKT-konsulentar som arbeider ved Kundesenteret i Bergen. Kvar dag løyser han små og store datautfordringar for tilsette i heile Helse Vest. Nokre gonger hastar det meir enn vanleg.
– Ein kjenner seg verkeleg samfunnsnyttig når ein fiksar PC-en som stoppa heilt opp midt under ein viktig operasjon. Heldigvis er ikkje alle saker like kritiske.
Motiverande arbeid
– Det er spanande. Eg motiverast av å finne ut av problem og å feilsøkje meg fram til ei løysing. Det kjekkaste med jobben min i Helse Vest IKT, er å få lov til å hjelpe folk der dei er. Det er fint å kunne bidra.
Kundesenteret mottek omlag 250 000 førespurnadar i året. Når ingen dagar er like, og arbeidsmengda er fullstendig avhengig av brukarane, er det viktig å halde fokus.
– Du kan ikkje vere 100% førebudd på alt, men er du tilbøyeleg og løysingsorientert kjem du langt.
Aldri utlærd
I tillegg til ein stor kunnskapsdatabase og ein rik sakshistorikk, lenar konsulentane på Kundesenteret seg på kvarandre. Terskelen for å be om og få hjelp frå ein god kollega er låg.
– Du er aldri utlært her. Det er så mykje å lære, og folk lærer på forskjellige måtar. Vi kan spørje kvarandre om kva som helst, snakke saman om vi er usikre, og løyse problema som oppstår i lag.
I eit til tider hektisk arbeidsmiljø, der pulsen stig fort og problema er kritiske, er det heilt nødvendig med støtte til dei som vanlegvis gir støtte. Eit godt arbeidsmiljø, der det er høgt under taket og konsulentane kan lufte ut om frustrasjonar og gleder, er alfa og omega.
– Vi er samansveisa på eit heilt anna nivå enn det eg tidlegare har opplevd i ein jobbsituasjon, seier Rune. Vi kan prate om alt og ingenting.
Kollegaer som blir venner
Det er òg bra med aktivitetar utanfor jobb. Det gjer det lett å bli kjent med kvarandre som venner, viss man vil det. Ein gong i månaden går dei på kino saman. Nokre gonger går dei ut og tek seg ein matbit. Ein gong i veka samlar dei som ønskjer det seg for å spele brettspel etter jobb. Då bookar dei enkelt nok berre eit møterom, og sleng ut spela på bordet.
– Ein kan fint vere med på alt, men òg ta det heilt med ro om ein ønskjer det.
På Kundesenteret finst ei god blanding av folk, med forskjellige behov. Saman utgjer dei eit godt team.
– Vi har plass til alle typar folk her, avsluttar Rune, i det telefonen ringer. Kanskje er det kritisk. Kanskje ikkje. På Kundesenteret i Bergen kan alt skje.