Møt våre tilsette
Sjukepleiaren som blei ein del av IT-familien
Vi er med på å leggje til rette for at pasientinformasjonen kjem fram til rett mottakar til rett tid, slik at pasientbehandlinga går så trygt og effektivt som mogleg.

Navn: Cindy Torgersen Jensen
Alder: 36
Stillingstittel: Samhandlingskonsulent
Bakgrunn
Eg er utdanna sjukepleiar ved Høgskolen i Haugesund, og tok delar av studiet i Australia. Eg vart ferdig utdanna i 2008 og byrja karrieren min på Ortopedisk avdeling ved Haugesund sjukehus, men har dei siste 12 åra vore ved Gynekologisk avdeling. I tillegg til å vere ein vanleg sjukepleiar, har eg òg vore ressurssjukepleiar innanfor palliasjon, koordinator for pakkeforløp og sekretær for administrasjonen ved kvinneklinikken.
Kva jobbar du med?
Eg er tilsett i Seksjon for samhandling. Eg jobbar i Meldingsteamet, der arbeider eg mellom anna med overvaking av elektronisk meldingsutveksling mellom sjukehus, legekontor og kommunar. Vi er med på å leggje til rette for at pasientinformasjonen kjem fram til rett mottakar til rett tid, slik at pasientbehandlinga går så trygt og effektivt som mogleg.
I Helse Vest IKT blir det ikkje alltid kravd datautdanning, men personleg eignaheit og relevant bakgrunn. Dette gjer at eg, som sjukepleiar, får bruke min 'inside information' til å gjere ein skilnad i pasientbehandlinga på ein litt annleis måte enn når eg er iført kvitt.
Kva motiverer deg i jobben?
Helse Vest IKT er ein motiverande og givande arbeidsplass, med mange moglegheiter for vidareutvikling. Ingen dagar er like, og det er ofte nye utfordringar å ta tak i. Vi er ein stor IT-familie som har givande arbeid.
Den digitale verda utviklar seg stadig raskare enn nokon gong. Det er veldig kjekt å få vere med på prosessen for å sikre trygge og smidige overgangar.