Møt våre tilsette
Integrasjonsarkitekt som jobber i dybda og i breidda
- Det gjeld å tenkja godt kring faktiske behov og samanhengar mellom behov og moglegheiter, både overordna og ned til minste detalj. Det er skikkeleg kjekt å jobba saman med andre som har ein heilt annan fagleg bakgrunn enn det eg har.

Namn: Ingvei Seliussen
Alder: 51 år
Stillingstittel: Integrasjonsarkitekt
Utdanning
Eg er utdanna sivilingeniør i industriell matematikk, med hovudvekt på statistikk. Eg har tidlegare jobba med utvikling og modernisering av helseregister i mange år i ulike rollar, som for eksempel systemutviklar, dataforvaltar, teamleiar, og prosjekt- og programleiar. Likar godt kombinasjon av overblikk og detaljar, noko som passar godt for ein integrasjonsarkitekt.Kva jobbar du med?
Eg likar godt å sjå nytteverdien av arbeidet eg gjer, og det er lett her.
Korleis ser ein typisk arbeidsdag ut for deg?
Dagane er ei god blanding av teamarbeid og individuelt arbeid. Det kan vera analysar av konkrete problemstillingar, møter med leverandørar eller nasjonale samarbeidspartnarar, arbeid med kravspesifikasjonar, oppfølging av avklaringssaker, diskusjonar om fagleg tilnærming og liknande. Nokre dagar har me innsjekk for å følgja opp oppgåver og behov for samarbeid.
Kva er det kjekkaste med å jobbe i Helse Vest IKT?
Det er skikkeleg kjekt å jobba saman med andre som har ein heilt annan fagleg bakgrunn enn det eg har. Eg lærer mykje, både fagleg og personleg, av det. Eg er også heldig som har andre «integrasjonsfolk» tett rundt meg på Integrasjonssenteret.
Den største forskjellen på å jobbe her versus tidlegare arbeidsstader er nok bredda i fagleg bakgrunn som ein finn i Helse Vest IKT – og som ein jobbar saman med for å komme i mål med gode løysingar.
- Søk jobb hos oss
Har du lyst å vere med å forme morgondagen sine IKT-løysingar? Vi er ein del av ei banebrytande bransje som går ei spanande tid i møte.
- Bli kjent med våre dyktige kollegaer
Helse Vest IKT har tilsette i mange ulike stillingar. Vi både forvaltar og er med på å utvikle løysingane som brukast på sjukehusa i Helse Vest. Lurer du på korleis det er å jobbe i Helse Vest IKT? Her kan du bli kjent med nokre av våre til...