Skjema spørsmål om oppslag i pasientjournal
Du kan sende inn skjema elektronisk og be om opplysningar om kvifor helsepersonell har gjort oppslag i pasientjournalen din. Tilgangsloggen finn du enkelt på Helsenorge, under Pasientjournal.
For English, please contact your hospital.
Det kan vere både administrative og helsefaglege årsakar til at tilsette gjer oppslag i ein pasientjournal. I forbindelse med behandling på sjukehuset, blir pasientjournalen brukt til å planleggje og dokumentere behandling. I tillegg blir pasientjournalen brukt til administrativt arbeid, internkontroll og kvalitetssikring.
Skjemaet er berre tilgjengeleg digitalt, på Helsenorge
Tilsette i sjukehusa skal ha ein grunn til å opne pasientjournalen din. Ver merksom på at fleire enn dei du sjølv traff på sjukehuset, kan ha behov for å arbeide i pasientjournalen din. Det kan derfor ha vore gjort mange oppslag i pasientjournalen.