Helseerklæring før anestesi, operasjon eller inngrep
For deg som er kalt inn for vurdering mot operasjon, inngrep eller undersøkingar som kan krevje anestesi.
For English, please contact your hospital.
For at vi skal kunne gi deg best mogleg behandling treng vi informasjon om helsetilstanden din i forkant av timen på sjukehuset. Dersom du har brukar med full tilgang til tenestene på Helsenorge vil du få tilsendt skjema på Helsenorge og kan sende skjemaet inn digitalt.
Les meir om tilgang til tenester på Helsenorge
Alternativ for deg som ikkje bruker Helsenorge
For deg som ikkje vil, eller ikkje kan, bruke tenestene på Helsenorge, er det mogleg å skrive ut skjemaet frå denne sida, og levere til sjukehuset. Alternativt kan du kontakte avdelinga som har kalt deg inn for å få tilsendt skjemaet i posten.
Last ned fil for utskrift og utfylling på papir (PDF)
Sist oppdatert 01.11.2024