Skjema for førespurnad om utskrift av tilgangslogg

Tilgangsloggen finn du enkelt på Helsenorge, under Pasientjournal. Du kan også sende elektronisk førespurnad om tilgangslogg via Helsenorge.

​Det kan vere både administrative og helsefaglege årsakar til at tilsette gjer oppslag i ein pasientjournal. I forbindelse med behandling på sjukehuset, blir pasientjournalen brukt til å planleggje og dokumentere behandling. I tillegg blir pasientjournalen brukt til administrativt arbeid, internkontroll og kvalitetssikring.

Elektronisk skjema​ for førespurnad om utskrift av tilgangslogg på Helsenorge

Tilsette i sjukehusa skal ha ein grunn til å opne pasientjournalen din. Ver merksom på at fleire enn dei du sjølv traff på sjukehuset, kan ha behov for å arbeide i pasientjournalen din. Det kan derfor ha vore gjort mange oppslag i pasientjournalen.

Alternativ for deg som heller ønskjer å fylle ut skjemaet på papir

Det er også mogleg å skrive ut skjemaet og sende/levere det til sjukehuset:

Last ned PDF frå Helsenorge og skriv ut​

Sist oppdatert 26.05.2025