Betre tilgang til prøvesvar. Helse Vest utvidar utprøvinga av den nasjonale prøvesvartenesta
– Med raskare innføring får pasientane tilgang til prøvesvar tidlegare, og helsepersonell får betre oversikt og meir effektiv arbeidsflyt. Dette er eit konkret bidrag til målet om ei meir samanhengande helseteneste, fortel direktør for digitalisering i Helse Vest, Ørjan Andersen.

No deltek alle private fastlegekontor og avtalespesialistar, samt utvalde kommunale legekontor, i Helse Vest i utprøvinga av elektronisk deling av prøvesvar.
Prøvesvar som biokjemi og radiologi på plass
Prøvesvar innan biokjemi, farmakologi, immunologi, mikrobiologi, transfusjonsmedisin og bildediagnostikk (radiologi og nukleærmedisin) blir sendt til den nasjonale prøvesvartjenesta frå alle rekvirentar som deltek. Og frå midten av januar er òg cytologisvar (patologi) inkludert.
– Helsepersonell får tilgang i kjernejournal, og innbyggjarar får innsyn på Helsenorge.
Arbeidet med å inkludere histologisvar og svar frå medisinsk genetikk pågår, og desse vil bli tilgjengelege i den nasjonale prøvesvartjenesta når visning i Helsenorge og i Kjernejournal er klar.
Papirrekvisisjonar – ein del av utprøvinga
Parallelt med arbeidet rundt prøvesvar blir det òg testa tilpassing for elektronisk handtering av papirrekvisisjonar, både regionalt og nasjonalt.
Prosjektgruppa i Helse Vest samarbeider òg med kommunane og KS om å inkludere elektroniske rekvisisjonar frå kommunale verksemder, inkludert dei kommunale fastlegekontora, sjukeheimar og legevakt.
Sjukehusrekvirerte prøver i Pasienten sine prøvesvar blir koordinert nasjonalt i samarbeid med Helsedirektoratet, Norsk helsenett og dei øvrige helseregionane.
– Utprøving av dette er planlagt i 2026. Dette vil vere det neste store løftet for tenesta, sier Andersen.