VR-basert simulering
Korleis kan helsesektoren bli betre på å utnytte moglegheitene innan virtual reality (VR)? Sjå opptaket frå Tekprat i Førde og lær meir om simuleringsteknologien VR i helsesektoren.

Bruken av VR-basert simuleringsteknologi har auka kraftig dei seinare åra. Samstundes med at teknologien har utvikla seg, har fleire bransjar sett potensiale i å gjere ting på nye måtar. Byggebransjen, reiselivsnæringa, media og helsesektoren er døme på bransjar som skapar nytteverdi gjennom å utvikle nye tenester innan VR.
I samarbeid med Helse Vest IKT jobbar alle helseføretaka i Helse Vest aktivt med å ta i bruk VR innan både somatikk og psykiatri. På Tekprat ser vi nærare på korleis helsesektoren kan bli betre på å utnytte mogelegheitene innan VR. Vi ser mellom anna på korleis VR kan nyttast til opplæring, kva rolle det kan ha innanfor psykiatrien, og på problemstillingar knytt til personvern. Kort fortalt, både
mogelegheiter og utfordringar.
Våren 2022 var VR-basert simulering tema for tre ulike Tekprat-arrangement. Den 11. mai var vi i Førde, den 10. juni var vi i Stavanger og den 16. juni var vi i Bergen. Her kan du sjå arrangementet frå Førde i opptak.
TekPrat Helse Førde 2022 from Helse Førde on Vimeo.