logo

Er du IKT-ar?

I løpet av dei siste ti åra har Helse Vest IKT vakse frå 250 til om lag 700 tilsette. No skal vi bli endå fleire. 

Publisert 19.05.2022
Sist oppdatert 05.07.2022

​HR-leiar Ole ​Gulbrandsen og resten av Helse Vest IKT er på jakt etter fleire IKT-ara. Foto: Maria Fehr Johansen
–  IT-bransjen har hatt ein veldig vekst i takt med dei siste åras digitalisering, og vi er ikkje noko unntak, forklarer HR-leiar Ole Gulbrandsen.  
Gulbrandsen har det overordna ansvaret for rekrutteringa i Helse Vest IKT. Saman med resten av leiinga i selskapet, er han no på jakt etter fleire kompetente IKT-arar.  

– Skal vi leggje grunnlag for utforminga av framtidas helse- og omsorgstenester, treng vi fleire hender, oppmuntrar han.  ​

Samlar utlysningstidspunkt  

Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet, ein region som omfattar omkring 1,3 millionar innbyggjarar. Behovet for trygge og effektive helsetenester vert større og større, og for å ta unna den aukande oppdragsmengda i åra som kjem, må organisasjonen oppbemanne no.  

–  For å forenkle prosessen samlar vi utlysingstidspunkt, slik at det vert lettare for aktuelle kandidatar å få oversikt, forklarer HR-leiaren. - Fleire stillingar kan vere aktuell for same søkjer, og det vert tydelegare for dei når alt ligg ute på ein plass.  

 Ifølge han er ikkje håpet ute dersom ein manglar erfaring frå IT.  

–  Vi har fleire einingar som ikkje er direkte IT, til dømes ulike stabsfunksjonar. Helse Vest IKT er ein  kompleks organisasjon, og arbeidsoppgåvene vi er satt til å løyse speglar det. Eg oppfordrar derfor søkjarar til å følja med på våre heimesider framover.  

Kva tilbyr Helse Vest IKT?

  • ​​Meiningsfullt- og samfunnsnyttig arbeid som bidreg til å forenkle pasientbehandlinga på Vestlandet.  
  • Eit stort og tverrfagleg IKT- miljø i ein organisasjon i endring og vekst.  
  • Eit kompetent- og engasjerande arbeidsmiljø, med høg score på medarbeidartilfredsheit.  
  • Fleksibel arbeidstid. 
  • Ordinær arbeidsdag på 7.5 time, inkludert lunsj.  ​
  • ​Gode forsikrings- og pensjonsordningar hos KLP.​​


Ein kompleks og spennande organisasjon 

Som totalleverandør av IKT for sjukehusa på Vestlandet, er Helse Vest IKT sitt mandat mellom anna å sørgje for sikker drift, stabilitet og å forvalte dei tekniske løysingane vi tilbyr. I tillegg til å sørgje for at sjukehusa sine kritiske system er tilgjengelege heile døgnet, siktar organisasjonen òg mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar.  

–  Prosjekta våre spenner frå prøvesvar på Helsenorge.no, via bruk av syntetiske helsedata, maskinlæring og kunstig intelligens i rus- og psykisk helsevern, til VR-teknologi for å hjelpe pasientar med å auke meistringstru.  

– ​D​et er med andre ord ikkje berre “har du prøvd å slå den av og på” dykk driv med?  
– Vi gjer kort sagt på mykje forskjellig, ler Gulbrandsen. –  Så vi treng tekniske, kreative, svoltne og motiverte søkjarar, som ønskjer å bidra med det dei kan, for å utvikle og forbetre helsetenestene på ein måte som tek hand om innbyggaranes behov – no og i framtida.  ​

Interessert? Alle våre ledige stillingar finner du her. ​​