Den evige jakta etter ein jobb med samfunnsnytte
Midt i pandemien tok Silje sats. Ho trossa tvil og usikkerheit, og følgde draumen om ein jobb ho kan gjere ein ordentleg forskjell i.
Publisert 04.02.2022
Sist oppdatert 25.04.2022

– Eg tok eit val om å risikere tryggleiken eg hadde i gamal jobb for å satse på noko meir.
Det forklarar Silje (28), som er ein av mange som starta i ny jobb i løpet av korona-pandemien. Vinteren 2021 gjekk ho frå eit breibandselskap i Bergen, til kundesenteret i Helse Vest IKT.
– Eg tok ein god del rundar med meg sjølv for å finne ut om eg turte. For eit år sidan sto vi midt i pandemien, og eg las og høyrde alle historiene om dei som verkeleg sleit på arbeidsmarknaden. Det var jo spesielt å skifte jobb akkurat då.
Ryktet går
Silje har alltid likt å løyse problem. Ho snakkar flytande kunde, og får adrenalinkick kvar gong ho kan avslutte ein samtale med «Ja, då er det ordna». Ho har noko erfaring frå IT frå før, ingen frå helse, og var usikker på korleis ho ville passe inn i ein IKT-bedrift.
– Eg trudde lenge at IT var matematikk-fokusert. Det faget har aldri vore mi sterke side, for å seie det mildt. Tanken på at eg skulle vere support for alt mulig IT skremte meg, seier ho.
28-åringen trudde óg at ho måtte vite alt det var å vite om helsesystem og korleis helsevesenet fungera. Heldigvis er det ikkje slik. Til slutt var det gamle kollegaer, som no jobba i Helse Vest IKT, som overtalte ho.
– Dei snakka så mykje om kor kjekt det er å jobbe her, og skrøyt av arbeidsplassen. Dei lokka meg med teknologi, arbeidsmiljø og sosiale aktivitetar. Og samfunnsnytte, ikkje minst.
Ein jobb med meining
Ifølge ein undersøking utført av Academic Work, er dei mest attraktive arbeidsgivarane dei som bidrar til eit betre samfunn. For unge arbeidstakarar er det framfor alt ønsket om å medverke og påverke som lokkar når dei skal finne seg jobb. Dei vil gjere noko som har positive effektar.
– Det gir ein god kjensle når eg på slutten av ein arbeidsdag kan tenke; kanskje har eg vore med på å utgjere ein liten forskjell for innbyggarane våre i dag.
Det er verd mykje.
– Det var skummelt for meg å bytte arbeidsplass, men når eg ser tilbake på det no er eg glad for at eg hoppa i det. For her er eg, godt planta i Helse Vest IKT, og gjer ein forskjell.