Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
En mann med briller

Plattformtenester

Divisjon for plattformtenester skal levere sikre, robuste og skalerbare plattformer, med særleg fokus på tilgjengelegheit og IKT-sikkerheit for medarbeidarane i alle helseføretaka i regionen.

– Vår ambisjon er å levere moderne og trygge tenester, vere i forkant av teknologi og levere det som det til ei kvar tid er behov for, seier Harald Flaten, divisjonsleiar for plattformtenester.

Samarbeid for heilskaplege leveransar

Divisjonen skal ha tett samarbeid med dei andre divisjonane i HVIKT. Når behov vert avdekte ute i føretaka, skal desse omsetjast til tekniske løysingar i plattformtenester.

– Målet er at sjukehusa enklare kan leggje til rette for arbeidshkvardagen til helsearbeidarane. Dette inneber også at vi støttar føretaka i endringsprosessar og sikrar gode og heilskaplege leveransar.

Sikker og påliteleg drift

Divisjonen leverer sentrale IKT-tenester som er nødvendige for sikker og påliteleg drift av sjukehusa.

Dette omfattar sky-, server- og lagringsteknologi frå både interne og eksterne skyløysingar, samt drift av databaseløysingar med høge krav til tilgjengelegheit og stabilitet.

Divisjonen har òg ansvar for kommunikasjonsløysingar til sjukehusa, som nettverk og pasientnær kommunikasjons­teknologi som støttar klinisk verksemd og samhandling.

Vidare forvaltar divisjonen eit samla tryggleiksmiljø som leverer tenester innan informasjonssikkerheit, og som bidreg til å ivareta gjeldande krav til konfidensialitet, integritet og tilgjengelegheit. Driftsovervaking vert nytta for tidleg avdekking av avvik og for å sikre føreseieleg drift. I tillegg vert det levert tilgangsstyring som legg til rette for korrekt og effektiv bruk av løysingane ved sjukehusa.

Praktisk informasjon

E-post: harald.flaten@helse-vest-ikt.no
Mobil: +47 9594 5237