Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
En person som smiler til kameraet

Brukarnær støtte og tenesteutvikling

Brukarnær støtte og tenesteutvikling skal sikre at Helse Vest IKT leverer digitale tenester som gir reell verdi i kvardagen på sjukehusa.

Den digitale arbeidskvardagen i sjukehusa er prega av høg kompleksitet, mange system og eit kontinuerleg behov for endring. Samstundes opplever mange brukarar at avstanden mellom behova i kvardagen og måten IT-tenester blir utvikla og forvalta på, kan bli for stor.

– Ambisjonen vår er å vere tett på brukarane, forstå behova der arbeidet faktisk blir utført, og omsetje innsikt til heilskaplege løysingar og riktige prioriteringar – i tett samspel med føretaka og fagmiljøa, fortel Aina.

Eit bindeledd og ein pådrivar for reell nytte

Brukarnær støtte og tenesteutvikling er eit sentralt bindeledd mellom sluttbrukarane, føretaka og resten av Helse Vest IKT. Divisjonen har eit særleg ansvar for at tenestene i selskapet samla sett gir gode brukaropplevingar, og for å støtte sjukehusa i endring, adopsjon og gevinstrealisering.

Divisjonen samlar tenester og kompetansemiljø som er tett på brukarane, og kombinerer dette med høg teknologiforståing og eit heilskapleg tenesteperspektiv.

– Gjennom brukarnære leveransar, rådgiving, innovasjon og samhandling på tvers skal vi bidra til at digitale investeringar gir reell nytte – ikkje berre tekniske løysingar.

Innsikt og samhandling på tvers i regionen

For å oppnå dette skal divisjonen arbeide innsiktsbasert og tverrfagleg, med stor vekt på samhandling på tvers av system, fagmiljø og organisatoriske grenser.

Divisjonen omfattar mellom anna:

  • førstelinje- og andrelinjetenester tett på brukarane
  • lokal «på staden»-støtte og utstyrsleveransar
  • kompetansemiljø innan automatisering, utvikling, KI, tenestedesign og innovasjon
  • ansvar for heilskaplege mobile digitale tenester
  • støtte til gevinstrealisering og effektiv bruk av løysingar for kontorstøtte og intern samhandling

Divisjonen har òg ansvar for å drive og vidareutvikle selskapsovergripande prosessar og arbeidsformer, for å sikre effektiv arbeidsflyt, kvalitet og samanheng på tvers av divisjonar og einingar i Helse Vest IKT.

Praktisk informasjon

E-post: aina.merete.steinsland@helse-vest-ikt.no
Mobil: +47   913 64 345