Fleire innbyggjarar vil bli kjende med Pasienten sine prøvesvar
Frå 17. august til 8. november gjennomfører Helsedirektoratet målretta informasjon om Pasienten sine prøvesvar i Bergens- og Stavanger-området.

Auka merksemd om prøvesvar
Målet er å gjere fleire innbyggjarar kjende med at prøvesvar frå undersøkingar og analysar kan vere tilgjengelege på Helsenorge. Kampanjen skal òg bidra til auka kunnskap om korleis prøvesvar blir delte, kva rettar innbyggjarane har, og kvar dei kan finne meir informasjon.
Hovudbodskapen til innbyggjarane er at dei kan sjå prøvesvara sine på Helsenorge, og at legen vil ta kontakt dersom det er behov for oppfølging eller gjennomgang av prøvesvaret.
Kan føre til spørsmål frå pasientar
Som rekvirent kan du oppleve at fleire pasientar blir kjende med tenesta og har spørsmål om prøvesvar, tilgjenge og oppfølging.
På Helsenorge finn innbyggjarane informasjon om korleis tenesta fungerer, kven som kan få tilgang til prøvesvara, og kva moglegheiter dei har til å avgrense tilgangen til eigne helseopplysningar.