Pasientens rekvisisjoner
Her finn du informasjon om Pasientens rekvisisjoner og piloten i Helse Vest. Du får vite kva rekvisisjonar som blir delte, korleis legekontora kan ta løysinga i bruk, og korleis du finn fram til og brukar rekvisisjonane i DIPS Interactor.
Pasientens rekvisisjoner er eit nasjonalt prosjekt som skal gjere det enklare for pasientar å ta prøver i forkant av poliklinisk behandling.
Målet er at rekvisisjonar som det er aktuelt å dele, skal kunne delast elektronisk. Det gjer at pasienten kan ta nødvendige prøvar på ein prøvetakingsstad som er praktisk for vedkomande.
Det er ikkje alle prøvar i samband med poliklinisk behandling som skal takast eksternt. Pasientar kan framleis ta prøvar ved sjukehusa sine blodprøvepoliklinikkar slik dei gjer i dag.
Meir informasjon
På Norsk helsenett finn du meir informasjon om Pasientens rekvisisjoner:
Helse Vest er ein av to helseregionar som er med i utprøvinga av Pasientens rekvisisjoner.
I utprøvinga blir rekvisisjonar som er bestilte av enkelte poliklinikkar ved sjukehus elektronisk tilgjengelege for legekontor i DIPS Interactor.
Etter kvart skal pasientane varslast på Helsenorge når dei har prøvar som skal takast. I utprøvinga får pasientane ikkje denne informasjonen. Dei vil framleis få med seg rekvisisjonar og etikettar frå poliklinikkane som før.
Sjølv om pasienten har med seg papir og etikettar, kan rekvisisjonen likevel liggje elektronisk under «Delte rekvisisjonar» i DIPS Interactor. De kan dermed finne rekvisisjonen elektronisk dersom pasienten kjem til legekontoret for å ta prøvene.
Alle legekontor i Helse Vest kan allereie ta løysninga i bruk.
De kan lese meir om korleis de bestiller tilgang og kven som skal gjere kva på Norsk Helsenett si nettside Bestill tilgang.
-
logge inn i Helsenettet med eige ENK eller AS
-
gi fullmakt til legekontoret
-
bestille tenesta «Pasientens rekvisisjoner»
Dersom de ikkje har bestilt tenesta «Pasientens prøvesvar» kan det også gjerast her.
Deretter må ein person med signeringsrett eller prokura for legekontoret:
-
logge inn i Helsenettet
-
gi fullmakt til DIPS ASA
I løpet av noen dager vil tjenesten bli aktivert.
Får du ikkje logga på Helsenettet
Eller har andre spørsmål?
Kontakt Norsk Helsenetts kundesenter
☎ 24 20 00 00
Hverdager kl. 08.00 – 20.00
Når ein pasient kjem til legekontoret for å ta prøvar, finn du dei delte rekvisisjonane i DIPS Interactor.

I piloten er det berre enkelte poliklinikkar i dei ulike helseføretaka som deler rekvisisjonar. Her finn du ei oversikt over kva for poliklinikkar dette gjeld.
Lista vert oppdatert fortløpande etter kvart som fleiere poliklinikkar blir med.
I Helse Vest starta prosjektet med pilot i juni 2026 med utvalgte pasientgrupper på bestemte poliklinikkar.
Poliklinikkar som deler rekvisisjonar
- Medisinsk poliklinikk, årskontroll diabetes (utvalgte pasientar) juni 2026
- Hud poliklinikken (utvalgte pasientar) juni 2026
Det er i dag ingen poliklinikkar som deler rekvisisjoner i Helse Stavanger. Det er planlagt snarleg oppstart med poliklinikkane
- Revmatologisk poliklinikk
- Nyrepoliklinikk
Det er i dag ingen poliklinikkar i Helse Fonna som deler rekvisisjoner. Planlagt oppstart er vinteren 2026/2027.
Det er i dag ingen poliklinikkar i Helse Fonna som deler rekvisisjoner. Planlagt oppstart er vinteren 2026/2027.