Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientens prøvesvar - manuell aktivering

På denne sida finn du informasjon om Pasientens prøvesvar i Helse Vest, korleis løysinga fungerer og korleis du går fram i Interactor.

For enkelte rekvirentar er Pasientens prøvesvar sett opp med manuell aktivering. Det betyr at rekvirenten sjølv må aktivere knappen «Pasientens prøvesvar» i Interactor for at prøvesvara skal delast nasjonalt.

Når knappen blir aktivert, blir prøvesvara delte i samsvar med gjeldande reglar for deling i Kjernejournal og på Helsenorge. Rekvirenten kan samtidig gjere individuelle val for den enkelte rekvisisjonen, mellom anna knytte til reservasjon, føremål og utsett eller nekta innsyn.

Dette oppsettet er valt for legekontor og andre kommunale tenester der legar også rekvirerer prøver i samband med arbeid ved til dømes sjukeheim, helsestasjon og legevakt. 

Slik aktiverer du Pasientens prøvesvar

Opne Interactor på vanleg måte. Øvst til høgre finn du knappen "Pasientens prøvesvar". Knappen er automatisk avslått og grå når du opnar ei ny rekvisisjon. 

Knappen "Pasientens prøvesvar" er grå når deling ikkje er aktivert. Når du klikkar på knappen, blir han grøn, og deling blir aktivert.
Klikk ein stad på fana "Pasient- og rekvirentinformasjon" for å opne henne.

Dersom knappen "Pasientens prøvesvar" ikkje er aktivert, blir prøvesvara ikkje delte nasjonalt.
Når du aktiverer knappen "Pasientens prøvesvar", kjem det fram nye felt i denne fana. 

Dersom du ikkje gjer endringar i desse felta, blir prøvesvara delte etter standardinnstillingane. 

Du kan altså ha knappen "Pasientens prøvesvar" aktivert og samstundes tilpasse innstillingane for om, korleis og når prøvesvara skal delast.

I overskrifta nedanfor finn du informasjon om standardinnstillingane og dei ulike vala du har for deling av prøvesvar.

Rekvirentar som deltek i Pasientens prøvesvar, får tilgang til eigne felt i Interactor. Her kan du styre om prøvesvara skal delast, kva som er føremålet med rekvisisjonen, og når prøvesvara skal bli tilgjengelege for pasienten og anna helsepersonell.

Standardinnstillingar

Interactor er sett opp med standardinnstillingar som automatisk blir brukte når du rekvirerer prøvar. Du treng ikkje å endre desse dersom standardinnstillingane er tilstrekkelege.

Standardinnstillingane er:

  • 0 dagar utsett innsyn: Dei aller fleste prøvesvara
  • 14 dagar utsett innsyn: Tumormarkørar, patologisvar, radiologisvar og nuklærmedisin.
  • 90 dagar utsett innsyn: Andre analysar innan medisinsk genetikk.

Ei fullstendig oversikt over når ulike prøvesvar blir tilgjengelege for pasientar, finn du på Norsk helsenett si nettside om utsett innsyn for innbyggjarar på Helsenorge.

Innstillingar for deling av prøvesvar

Når du rekvirerer prøvar i Interactor, finn du innstillingane for Pasientens prøvesvar ved å utvide feltet under menyen med arkfaner.

Her kan du styre følgjande:

Føremål med rekvisisjonen
  • Helsehjelp
  • Blodgivarprøve - blir ikkje delt
  • Rettsmedisinsk prøve - blir ikkje delt
  • Sanksjonær prøve - blir ikkje delt
  • Forsking - blir ikkje delt
  • Livsstilsføremål - blir ikkje delt
Reservasjon mot nasjonal deling

Her kan du registrere dersom pasienten ønskjer å reservere seg mot nasjonal deling.

Reservasjonen gjeld berre for den aktuelle rekvisisjonen.

  • Ingen reservasjon
  • Reservasjon - blir ikkje delt
Innsyn for pasienten
  • Standard utsetjing: Prøvesvara blir delte etter reglane som er skildra ovanfor.
  • Tilgjengeleg umiddelbart: Prøvesvaret blir gjort tilgjengeleg for pasienten samstundes som rekvirenten.
  • Nekta innsyn – fare for liv: Prøvesvaret blir ikkje delt med pasienten, men blir delt i kjernejournal.
  • Nekta innsyn – klart utilrådeleg: Prøvesvaret blir ikkje delt med pasienten, men blir delt i Kjernejournal.
  • Nekta innsyn – etter eige ønske: Prøvesvaret blir ikkje delt med pasienten, men blir delt i Kjernejournal.
  • Utsett innsyn for innbyggjar: Her vel de sjølv talet på dagar med utsetjing. Merk at denne innstillinga overstyrer eventuell standard utsetjing på 14 eller 90 dagar for dei aktuelle analysane.

Endringar du gjer gjeld berre den aktuelle rekvisisjonen.

Det er berre prøvesvar frå rekvirentar som deltek i Pasientens prøvesvar, som blir delte.

Elektronisk rekvirerte prøver

I Helse Vest blir prøvesvar frå dei fleste fagområda delte. Dette gjeld: 

  • Biokjemi
  • Mikrobiologi
  • Farmakologi
  • Immunologi
  • Transfusjonsmedisin*
  • Patologi (berre cytologi)
  • Bildediagnostikk (radiologi og nukleærmedisin)

*Prøvesvar frå transfusjonsmedisin i Helse Bergen blir delte frå hausten 2026. 

Det pågår eit nasjonalt arbeid med å inkludere andre patologisvar (histologi og molekylærpatologi) og svar frå medisinsk genetikk. Desse blir tilgjengelege når vising i Kjernejournal og Helsenorge er klar.

Papirrekvisisjonar

Det pågår arbeid med tekniske og praktiske løysingar for å gjere det mogleg å dele prøvesvar rekvirerte på papirrekvisisjonar.

Hausten 2025 starta ei utprøving med deling av prøvesvar frå papirrekvisisjonar for porfyrisjukdommar. Hausten 2026 blir utprøvinga utvida til å omfatte fleire papirrekvisisjonar frå andre fagområde.

Sist oppdatert 03.11.2026