Pasientens prøvesvar er ei nasjonal utprøving der fleire rekvirentar i Helse Vest allereie deltek ved å dele prøvesvar. Me skil mellom private og kommunale aktørar og spesialisthelsetenesta.
Private aktørar
Alle private legekontor og avtalespesialistar som rekvirerer via Interactor til laboratoria i Helse Vest, deler prøvesvar.
Kommunale aktørar
Nokre kommunale legekontor deler prøversvar:
- Stavanger kommune - alle kommunale legekontor
- Austevoll kommune - eitt legekontor
- Alver og Vaksdal kommune - i prosess
- Gloppen kommune - snart klare
Det er ønskeleg å inkludere fleire kommunale aktørar i tenesta. Viss dykkar kommune har lyst å vere med i utprøvinga, ta kontakt med prosjektleiar.
Spesialisthelsetenesta
Det pågår eit omfattande nasjonalt arbeid for å inkludere sjukehusrekvirerte prøver i Pasientens prøvesvar.
Utprøving av sjukehusrekvirerte prøver i Helse Vest er planlagt i 2026.